Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
(NPK-NTB): Samferdselsdepartementet har ikkje gode nok system for å følgje opp råd frå havarikommisjonen om tryggingstiltak på vegane, meiner Riksrevisjonen.
npk@npk.no
Publisert: 21.10.2015 kl 13:05
Det gjeld særleg tiltak som andre enn Statens vegvesen er ansvarleg for å setje i verk, men der etaten ikkje har same styresmakt overfor andre aktørar som det tilsynsmyndigheitene innan luftfart og jernbane har.
– Vi ser alvorleg på at det er dårlegare moglegheit til å følgje opp iverksetting av tiltak på vegsektoren, og på at dette dermed kan påverke tryggingsnivået, meiner riksrevisor Per-Kristian Foss.
– Det er også kritikkverdig at Samferdselsdepartementet ikkje evaluerer iverksette tiltak innan veg-, jernbane- og luftfartssektoren med bakgrunn i tryggingstilrådingar frå havarikommisjonen , seier han. (©NPK)