Annonse

RiksTV kuttar kraftig i bemanninga

RiksTV har redusert bemanninga med rundt 30 personar frå 100 til rundt 70 på vel eit år.

– Vi har redusert bemanninga over tid. Det er eit større fokus på lønnsemd, seier administrerande direktør Jérôme Alexandre Franck-Sætervoll i RiksTV til Kampanje.

Kommersiell direktør i RiksTV, Ole André Skarbøvik, er blant dei som har slutta. Han har jobba i RiksTV i sju år.

– No er ny strategi for selskapet lagd, og det kjendest rett for meg å søkje utfordringar utanfor RiksTV/Strim, skriv han i eit Linkedin-innlegg.

Strim er namnet på strøymeportalen RiksTV lanserte i 2018 og som har hatt som mål å bli TV-bransjen sitt svar på Vipps.

RiksTV er heileigd av TV 2 og hadde ei omsetning på 1,4 milliardar kroner i 2022. Driftsresultatet var på 47,7 millionar kroner.

(©NPK)