Klargjør siden...

Rishi Sunak oppmodar til samhald etter valtap

Etter valtapet oppmodar Rishi Sunak dei konservative til å stå samla bak Storbritannias nye statsminister Liz Truss.

– Eg har heile tida sagt at dei konservative er éin familie. Det er rett at vi no står samla bak den nye statsministeren, Liz Truss, no som ho skal leie landet igjennom vanskelege tider, skriv Sunak på Twitter.

Måndag tapte Sunak leiarkampen i Det konservative partiet mot Truss, som tek over som statsminister etter Boris Johnson. Sunak fekk 43 prosent av stemmene.

– Takk til alle som stemde på meg i denne valkampen, skriv han.

(©NPK)

Rishi Sunak oppmodar til samhald i Det konservative partiet etter at han tapte valet om å bli ny statsminister i Storbritannia. Foto: Alberto Pezzali / AP / NTB

Annonse