Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB-DPA): Fem tilsette i Den internasjonale Røde Kors-komiteen er bortførte av væpna menn i provinsen Ghazni i Afghanistan, opplyser ein ICRC-talsmann.
npk@npk.no
Publisert: 18.02.2016 kl 13:26
Dei fem lokalt tilsette vart førte bort tysdag, og ICRC har innstilt aktivitetane sine i provinsen, opplyser talsmann Ahmad Ramin Ayaz til nyheitsbyrået DPA torsdag.
Hjelpearbeidarane er i live og familiane deira er informerte om hendinga, legg han til. Det er ukjent kven som bortførte dei fem.
– Vi hadde kontakt med gruppeleiaren onsdag. ICRC-arbeidarane er i live. Vi er i kontakt med sikkerheitsstyrkane i provinsen om å sette fri hjelpearbeidarane, seier Ayaz.
Inga gruppe har teke på seg ansvaret for bortføringane. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.