Klargjør siden...

Røkke går inn i Solstad Offshore

(NPK-NTB): Kjell Inge Røkkes Aker går inn i reiarlaget Solstad Offshore med ein halv milliard kroner.

Solstad Offshore og Aker ASA har med støtte frå sine banksamband og obligasjonseigarane utarbeidd ein finansieringsplan som skal styrke økonomien i reiarlaget, skriv Haugesunds Avis.

Aker vil gjennom ein retta emisjon på 250 millionar kroner bli ein betydeleg aksjonær i Solstad. I tillegg vil Aker bidra med ytterlegare 250 millionar kroner i form av eit lån som kan konverterast til nye aksjar.

Finansieringsplanen skal gjere Solstad i stand til å møte ein utfordrande marknad, heiter det i ei børsmelding.

– Solstad har ein lang og stolt historie som eit familieeigd selskap med solide operasjonelle resultat, ein attraktiv flåte og eit globalt nettverk, seier administrerande direktør Øyvind Eriksen i Aker.

Han seier Aker har lang erfaring med å hjelpe selskap gjennom vanskelege tider i marknaden, og at investeringa i Solstad er i tråd med Akers strategi om å vekse innanfor olje- og gassektoren.

Solstad starta i 1964 og har i dag ein flåte på rundt 50 skip. Hovudkontoret ligg i Skudeneshavn på Karmøy i Rogaland. (©NPK)

Annonse