Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
(NPK-NTB): Björn Borg fyller 60 år måndag, men tennislegenda droppar storfeiringa for å vere med familien.
npk@npk.no
Publisert: 06.06.2016 kl 10:12
– Det kjem til å bli veldig roleg, seier Borg til Expressen.
Borg er blant dei største svenske idrettsutøvarane gjennom tidene. Han fekk heile nasjonen til å stoppe opp då han var på sitt beste på 70- og 80-talet. 60-åringen er på alle måtar ein viktig del av svensk idrettshistorie. I år 2000 vart han kåra til den viktigaste utøvaren i hundreåret.
Dei siste åra har han stadig trekt seg meir unna rampelyset. I staden har han prioritert familieliv på Ingarö. Store bursdagsfestar med hundrevis av gjester er bytt ut med intime familieselskap.
– Det er vanskeleg å førestille seg at ein har blitt 60 år. Det er ein respektabel alder, seier Borg.
Svensken står bokført med elleve Grand Slam-trofear og totalt 64 turneringssigrar.
Borg er elles ein av fleire svenske idrettsheltar som er fødde i 1956. (©NPK)