Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
(NPK-NTB): Gruppa Den norske demokratibevegelsen spelte av Jamalas vinnarsong «1944» frå Eurovision-finalen framfor den russiske ambassaden i Oslo.
npk@npk.no
Publisert: 18.05.2016 kl 20:16
Rundt ti personar møtte opp til markeringa, som gjekk stille for seg onsdag kveld. Gruppa tende lys, heldt opp flagg og spelte av Jamalas song, som dei hadde fått politiløyve til tidlegare på dagen. «Krim + Ukraina = Sant» stod det på plakatane deira.
Onsdag 18. mai er nemleg årsdagen for deportasjonen av tatarane frå Krim. Songen til Jamala, som har ein krimtatar til far, kan tolkast som ein kritikk av den russiske okkupasjonen av Krim.
Tatarane regjerte på halvøya i Svartehavet frå 1441 til 1783, da russarane erobra Krim. Den 18. mai 1944 gav Josef Stalin ordre om deportasjon av alle krimtatarane, som han hevda hadde samarbeidd med tyskarane. Dei fekk lov til å vende heim på midten av 1980-talet.
Fleire russiske politikarar ser på Eurovision-songen og sigeren som politisk. Frants Klintsevitsj, som er medlem av det russiske føderasjonsrådet, har tatt til orde for å vurdere ein russisk boikott av finalen i Ukraina neste år, ifølgje nyheitsbyrået AFP.
– Det var ikkje den ukrainske songaren Jamala og songen hennar, «1944», som vann. Det var politikken som vann over kunsten, sa han til lokale medium. (©NPK)