Klargjør siden...

Roma sponsar finaletur for fansen som såg 1-6-audmjukinga på Aspmyra

Roma spanderer finalebillettar på dei 166 supporterane som i fjor haust drog til Bodø og opplevde 1-6-tapet for Glimt i Conferenceligaen.

Torsdag tok José Mourinho og Roma seg til finalen i den europeiske turneringa etter å ha slått Leicester 2-1 samanlagt. I finalen ventar nederlandske Feyenoord i den albanske hovudstaden Tirana.

Roma tilbyr 166 supporterar gratisbillettar til oppgjeret, melder Reuters. Bakgrunnen er at dei i oktober var på Aspmyra og såg braknederlaget Glimt påført Serie A-laget.

José Mourinhos menn revansjerte audmjukinga i gruppespelet ved å sende Bodø/Glimt ut i kvartfinalen med 5-2-siger samanlagt.

(©NPK)

Eit knippe Roma-fans får gratisbillettar av klubben til finalen av Conferenceligaen i slutten av mai. Foto: Rui Vieira / AP / NTB

Annonse