Annonse

Ronaldo endeleg koronafri

Cristiano Ronaldo er ute av sjølvisolasjon etter å ha testa negativt på ein koronatest, opplyser Juventus.

Den italienske storklubben skriv på nettsidene sine at Ronaldo etter 19 dagar er ute av karantene. Han fekk påvist koronasmitte under ei landslagssamling tidlegare i månaden.

Portugisaren testa positivt så seint som i forkant av meisterligakampen på onsdag mot Barcelona. Han måtte dermed stå over duellen mot rivalen Lionel Messi.

Juventus tapte oppgjeret 0–2. Laget har ikkje hatt dei beste resultata utan Ronaldo på banen.

(©NPK)

Cristiano Ronaldo kan gle seg over å ha testa negativt på den siste koronatesten sin. Det er godt nytt for Juventus. Foto: Bernat Armangue / AP / NTB