Ronaldo stengd ute og bøtelagd av FA for episode i april

Cristiano Ronaldo er gitt to kampars karantene og har fått ei bot på 50.000 pund for valdeleg åtferd. Episoden skjedde etter ein Premier League-kamp i april.

Han fekk også ei åtvaring for episoden, som skjedde etter kampen mot Everton på Goodison Park i Liverpool 9. april. Han gjekk av banen og slo mobiltelefonen ut av handa på ein tilskodar som ville ha ein «selfie» med United-stjerna.

Portugisaren har innrømt at framferda hans var avvikande. Ein uavhengig kommisjon fann at åtferda hans var både var unødvendig og valdeleg.

50.000 pund svarer til 550.000 kroner etter dagens kurs.

Tysdag vart kontrakten til Ronaldo med Manchester United annullert etter at han i eit TV-intervju kom med kritikk av trenar Erik ten Hag og heile United-leiinga.

(©NPK)

Annonse