Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Framstegspartiet meiner iskanten bør definerast som «det området der iskantsona til kvar tid er». Det kjem ikkje på tale, varslar KrF-leiaren.
linus.rovik.hauge@ntb.no/frida.pernille.mikkelsen@npk.no
Publisert: 08.11.2019 kl 11:48
- Med KrF i posisjon har vi sikra svar på kvar vi ikkje skal leite. Vi kan ikkje ta opp all den olja som er kjent, seier KrF-leiar Kjell Ingolf Ropstad.
Han viser til at partiet tidlegare har bidratt til å sikre vern av Lofoten, Vesterålen, Mørebankane og andre område.
- Forslaget om ein dynamisk definisjon av iskanten, kjem ikkje på tale for KrF, sa Ropstad i talen til landsstyret til partiet i Oslo fredag.
Først til våren skal klima- og miljøminister Ola Elvestuen (V) legge fram ein ny forvaltningsplan for Barentshavet.
Men krangelen internt i regjeringa er allereie i full gong om planen og definisjonen av den såkalla iskanten, som i praksis set grensa for kor langt nord det er tillaten med oljeaktivitet. Kort fortalt vil Venstre flytte iskantsona lenger sør, medan Frp vil at den skal gå lenger nord.
Ropstad viser til at KrF var viktige i prosessen med å sikre den definisjonen av iskanten som gjeld i dag. Samtidig er KrF-leiaren opptatt av at avgjerda skal skje på eit fagleg grunnlag.
- Tilrådingane frå Faglig forum er viktige av to grunnar. For det første handlar dette om naturvern og forvaltning av sjølve motoren i det økosystemet vi haustar av langs norskekysten, seier han.
- Den andre grunnen er like viktig. Vi veit at det er funne meir enn nok fossile ressursar til å koke kloden. Debatten går om når vi skal slutte å leite - eg veit i alle fall kor vi ikkje skal leite.
I regjeringserklæringa heiter det at ein skal «fastslå definisjonen av iskanten i samband med revidering av forvaltningsplanen for Barentshavet og havområda utanfor Lofoten, og i lys av anbefalingar frå Faglig forum.»
Dette blir første gong eit nytt stortingsfleirtal skal lage ein forvaltningsplan. Ropstad minte fredag om at KrF sat på gangen i Stortinget då vedtaka om å opne Trænarevet gjekk. Bodskapen no tyder på at Venstre og KrF vil stå saman i den interne kampen i regjeringa.
- Iskanten må flyttast sørover. Det blir ein av dei viktigaste kampane våre denne våren. Det er ein kamp Venstre må vinne, sa Venstre-leiar Trine Skei Grande nyleg.
Frps landsstyre har nyleg vedtatt at «iskanten bør definerast som det området der iskantsona til kvar tid er».
- Så vidt eg veit er iskanten på veg nordover, og ikkje sørover, sa Frps energi- og miljøpolitiske talsperson Terje Halleland nyleg.
Høgres energipolitiske talsperson Tina Bru slo i Dagens Næringsliv nyleg fast at også Venstre «må ta omsyn til regjeringsplattforma» når det gjeld iskanten.
(©NPK)
KrF-leiar Kjell Ingolf Ropstad sa i talen til KrFs landsstyre fredag at forslaget om ein dynamisk definisjon av iskanten, ikkje kjem på tale. Foto: Stian Lysberg Solum / NTB scanpix