Klargjør siden...
Annonse

Rosenborg klare til å henta Gytkjær

(NPK-NTB): Dersom Alexander Søderlund (28) går til Saint-Étienne, blir truleg Christian Gytkjær (25) klar for Rosenborg.

Det fortel både Haugalandnytt og Haugesunds Avis.

Gytkjær har tidlegare uttalt at han ønskjer seg bort frå Haugesund. No tyder mykje på at Rosenborg ønskjer å erstatta Søderlund – som i si tid blei henta frå nettopp Haugesund – med den danske FKH-spissen.

25-åringen netta ti gonger på 30 kampar for Haugesund denne sesongen. Gytkjær har vore i FKH i tre sesongar.

RBK-spiss Søderlund blir truleg klar for den franske toppklubben Saint-Étienne ein av dei nærmaste dagane. Overgangssummen skal liggja på rundt 14 millionar kroner, opplyser franske media. (©NPK)

Annonse