Klargjør siden...

Rosenborg knust av Real Madrid: – Ein leksjon

Rosenborg tapte 0-3 for Real Madrid og har eit vanskeleg utgangspunkt framfor returkampen på bortebane i den siste runden i meisterligakvalifiseringa.

Rosenborg slo islandske Breidablik og belarusiske Minsk i den første runden og fekk ein tøff motstandar i andre og siste runde før eit eventuelt gruppespel i Europas gjævaste klubbturnering.

Trønderane fekk det ikkje heilt til på eige gras på Lerkendal og tapte framfor 6334 tilskodarar. Caroline Weir (to mål) og Athenea del Castillo sikra siger og eit flott utgangspunkt for spanjolane.

– Det er ein god start, men neste veke blir ein tøff kamp. Det er ikkje over. Det var vanskelege periodar, men dette gir oss sjølvtillit, sa Weir til Adresseavisen etter kampen.

Rosenborg sleit med å setje Real-forsvaret på store prøver og tok ikkje vare på dei få store moglegheitene dei fekk.

– Det er ein leksjon på kvar nivået i Europa er. Dei får eit tidleg mål som øydelegg litt. Balltap har vi kanskje råd til i Toppserien, men ikkje her, sa Maria Olsvik.

– Det er alltid mogleg, men det blir tøft på bortebane. Eg er stolt over at vi tør å spele spelet vårt, sa RBK-kaptein Mali Lilleås Næss.

Returkampen blir spelt i den spanske hovudstaden onsdag om éi veke.

Real Madrid-press

Real Madrid kom seg til kvartfinalen av fjorårsutgåva av turneringa. Der vart det eit knusande 3-8-tap samanlagt for ligarival Barcelona.

Spanjolane kom på tredjeplass i ligaen sist sesong bak soleklar seriemeister Barcelona og Real Sociedad på andreplass. Hovudstadslaget har akkurat starta den nye ligasesongen der dei slo Valencia 2-0 i første kamp.

Real Madrid kom til fleire store sjansar tidleg i kampen. Etter fem minutt spelte del Castillo seg fri i feltet og avslutta, men RBK-målvakt Lene Christensen redda flott med ein beinparade. Nokre minutt seinare gjekk Esther González' skot frå kloss hald over mål.

Baklengsmål

Etter 14 minutt låg ballen i mål for gjestene. Weir bøygde ballen flott i mål frå 18 meter. 20 minutt seinare dribla del Castillo seg fri rett utanfor 16-meteren og banka ballen i mål i nedste hjørne.

Rosenborg sleit med å skape dei farlegaste sjansane og vart i periodar trykte tilbake.

RBK starta annan omgang med ei god moglegheit, men då Anna Jøsendal ikkje fekk foten på innlegget frå Synne Skinnes Hansen, gjekk Real Madrid rett i angrep. Del Castillo slo eit flott innlegg på bakarste stolpe, der Weir kom i fart og tuppa inn si andre skåring for dagen etter 51 minutt.

Etter vel ein time vart Olsvik revet ned i Real Madrids 16-meter, men 27-åringen fekk ikkje medhald frå dommaren.

– Eg opplever at ho dreg i meg som gjer at eg fell. Det kunne vorte dømd straffe, sa Olsvik.

Rosenborg kom på nokre offensivar i jakta på eit reduseringsmål, men Real Madrid heldt unna og fekk med seg eit flott utgangspunkt heim til Spania.

(©NPK)

Real Madrid fekk med seg et godt utgangspunkt med sigeren over Rosenborg.
Foto: Ole Martin Wold / NTB

Caroline Weir scora to mål for Real Madrid onsdag.
Foto: Ole Martin Wold / NTB

Annonse