Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
(NPK-NTB): Skipresident Erik Røste kan sjå tilbake på 2015 som det beste året nokon gong. Heile 28 VM-medaljar er resultatet.
npk@npk.no
Publisert: 23.12.2015 kl 16:16
Derfor er Røstes jul- og nyttårsønske enkelt: – Kuldegrader og masse snø i heile Noreg er det høgste jule- og nyttårsønsket mitt, seier skipresident Erik Røste.
Tjue av medaljane blei tatt i ski-VM i Falun. Der blei det elleve gull, fire sølv og fem bronse. Resten av medaljefangsten har komme i dei andre idrettane skiforbundet representerer, som alpin, telemark, fristil og snowboard.
– Norges Skiforbund er i ferd med å avslutte eit historisk godt år. I vinterens VM vann norske utøvarar 28 medaljar fordelt på 28 ulike utøvarar. Årets sesong har starta heilt fenomenalt. Med sigeren til Henrik (Kristoffersen) tysdag, har vi hatt 73 pallplasseringar så langt. Det er svært hyggeleg å konstatere at det blir prestert godt i alle greiner.
– Det er heile 16 utøvarar, lag og trenere knytt til skiforbundet som er nominert til 22 prisar til Idrettsgallaen. Det viser tydleg at det er vore eit fantastisk år, kanskje tidenes beste, for norsk skisport, fortel Røste.
Utøvarar som representerer skiforbundet har fått 32 prisar på Idrettsgallaen sidan starten i 2001. Dette er ikkje inkludert årets heiderspris og årets eldsjel. Marit Bjørgen er med seks prisar skiutøvaren som har fått flest.
– Heile Ski-Noreg med alle dei tusen frivillige som kvar einaste dag heile året rundt jobbar gratis for norsk skisport, har all grunn til å vere stolte av årets prestasjonar. Årets fantastiske prestasjonar er eit resultat av systematisk og grundig arbeid frå svært mange over lang tid, seier Røste. (©NPK)