Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB): Rotoren på helikopteret som styrta ved Turøy i Hordaland for fjorten dagar sidan, losna saman med girfestet, ifølgje VG.
npk@npk.no
Publisert: 13.05.2016 kl 18:04
VG er kjent med at Statens havarikommisjon har funne festemekanismane, ein bolt og sjølve festet, som heldt staget fast til toppen av hovudgir-boksen.
Støttestaget som er med på å halde girboksen til rotoren på plass, og sjølve rotoren vart funne 300– 400 meter unna havaristaden, ifølgje avisa.
Havarikommisjonen åtvarar mot å trekkje årsaksslutningar ut frå dette.
Klokka 18.30 fredag kveld skal Statens havarikommisjon for transport leggje fram ein rapport som, ifølgje kommisjonen, ikkje inneheld nokon konklusjonar eller tilrådingar.
Tretten menneske mista livet da Super Puma-helikopteret styrta ved Turøy utanfor Bergen fredag 29. april. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.