Klargjør siden...

Rousseff: Ein historisk urett

(NPK-NTB): Presidenten i Brasil, Dilma Rousseff, slår hardt tilbake etter at eit fleirtal av senatorane i nasjonalforsamlinga torsdag vedtok å stille henne for riksrett.

– Dette er eit kupp og ein historisk urett mot dei 54 millionane som stemte på meg i det siste valet, seier Rousseff.

– Opposisjonen har aldri godtatt at eg vann valet. Dei prøvde å annullere resultatet og byrja frå første stund å konspirere mot meg. Dei har sabotert regjeringa og prøvd å hindre meg i å regjere, seier ho.

Ho er ikkje skulda for korrupsjon, slik tilfellet er for ei rad representantar i opposisjonen i den brasilianske nasjonalforsamlinga.

– Dei prøver no å ta med makt det dei ikkje fekk i form av stemmer, seier Rousseff, som hevdar å vere offer for ein juridisk og politisk farse.

– Denne farsen kjem av at eg aldri har akseptert utpressing av noko slag. Eg har gjort feil, men eg har ikkje gjort meg skuldig i brotsverk, seier ho, og oppfordrar det brasilianske folket til å «seie nei til dette kuppet». (©NPK)

Annonse