Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
(NPK-NTB): Leiaren for Rovviltnemnda i Hedmark reknar med at det blir lisensjakt på ulv innanfor ulvesona i vinter, ifølgje Nationen.
npk@npk.no
Publisert: 12.09.2016 kl 07:09
– Det er mogleg det blir diskusjon om omfanget av jakta og avgrensingar av området for jakta. Men eg ville blitt overraska dersom det ikkje blir eit vedtak om å tillate jakt. Det er i tråd med det Stortinget har vedteke, seier leiar Arnfinn Nergård i Rovviltnemnda i Hedmark til avisa.
Rovviltnemndene for Hedmark, Akershus, Oslo og Østfold skal fredag behandle forslaget om å tillate lisensjakt innanfor den nordlege delen av forvaltningsområdet for ynglande ulv (ulvesona) til vinteren. Stortinget har vedteke at bestandsmålsettinga for ulv skal vere mellom fire og seks årlege ynglingar av ulv, og ifølgje Nergård har det i år vore sju heilnorske ynglingar og fire grenseynglingar. (©NPK)