Annonse

Rovviltnemnder held oppe vedtak om å skyte tre ulveflokkar

Rovviltnemndene i Hedmark og i Oslo, Akershus og Østfold avviser klagene på vedtaket om å felle alle ulvane i tre flokkar innanfor ulvesona.

- Det var konsensus om at det ikkje er komme inn ny informasjon i dei klagene som er leverte, og dermed vart vedtaka ståande, seier Arnfinn Nergård, leiar i Rovviltnemnda i Hedmark, til Nationen, etter at dei to rovviltnemndene hadde møte på Hamar måndag.

I september vart det vedtatt at flokkane Letjenna, Mangen og Rømskog innanfor ulvesona, og tolv dyr i dei delane av Hedmark og Akershus som ligg utanfor ulvesona, skal bli skoten under jakta til vinteren. Ei rekke organisasjonar leverte inn klagar på vedtaka.

Begge vedtaka under møtet på måndag vart vedtatt med sju mot to stemmer.

Saka går no vidare til Klima- og miljødepartementet som skal komme med ei endeleg avgjerd på kor mange ulvar som skal bli felte.

(©NPK)

Illustrasjonsfoto: Terje Pedersen / NTB scanpix