Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Vest politidistrikt har rykt ut med fleire patruljar etter melding om fotballopptøyar i Bergen sentrum før 1.-divisjonskampen Brann – Start.
sjur.natvig@ntb.no/ragnhild.marie.kjosbakken@npk.no
Publisert: 04.08.2022 kl 17:33
– Fleire patruljar er i sentrum etter melding om slagsmål mellom to større grupperingar, beskrive som fotballsupporterar. Per no ikkje lokalisert nokon skadde, skriv politiet på Twitter.
Bergensavisa skriv også at det har vore utløyst ein røykgranat med gul røyk i Bergen sentrum.
– Ut frå fargane på kledningen til dei involverte, ser det ut til at det kan vere to rivaliserande supportergrupper, seier operasjonsleiar Jørgen Ommedal i Vest politidistrikt til BA.
Kranglinga skal ha starta inne på ein utestad.
– Det skal då ha vore ølglas, bord og stolar som vart kasta i veggene, har vi fått beskrive, seier Ommedal.
Politiet rykte ut, men mange hadde forlate staden då patruljane kom fram.
– Vi har fått kontroll på to personar. Dei prøvde å komme seg unna politiet. Resten har vi ikkje oversikt over. Vi veit ikkje om nokon er skadde, eller kor mange som var involverte, seier Ommedal.
– Vi vil ta dette slagsmålet med i vurderingane vi gjer på stadion. Patruljane som er der er kjende med hendinga, og har fokus på uroelementet. Dei vil ikkje sleppe inn, held operasjonsleiaren fram.
(©NPK)
I forkant av Branns heimekamp mot Start vart det supporterbråk i sentrum av Bergen. Illustrasjonsfoto: Marit Hommedal / NTB