Ruhpolding-løype blir korta ned

(NPK-NTB-DPA): Snømangel tvingar arrangøren av verdscuprenna i skiskyting i Ruhpolding til å gjere ein del endringar før normaldistansen for menn onsdag.

Løypetraseen blir korta ned på grunn av snøforholda, noko som får konsekvensar på to måtar. Langrennsløypa løparane har til rådvelde, blir berre 3,3 kilometer lang, og denne skal dei gå seks gonger. Det betyr at den totale distansen blir på 19,8 kilometer i staden for 20.

I tillegg må Ole Einar Bjørndalen og dei andre norske løparane gå to rundar i sporet før den første skytinga. Løparane kjem med andre ord ikkje inn til skyting før etter 6,6 kilometer.

– Den einaste utfordringa blir å halde konsentrasjonen før den første skytinga såpass lenge, seier den tyske verdsmeisteren Erik Lesser. (©NPK)

Annonse