Rundt 150 drepne i IS-angrep på Syrias kyst

(NPK-NTB-AFP-DPA): Minst 148 menneske er drepne i ein rekkje åtak i dei regjeringskontrollerte hamnebyane Tartus og Jableh nordvest i Syria. IS tek på seg ansvaret for blodbadet.

Åtaka måndag manglar sidestykke i Bashar al-Assads kjerneområde, som så langt har vore spart for dei blodigaste valdshandlingane i den syriske krigen.

Sju eksplosjonar råka nesten samtidig busshaldeplassar, sjukehus og andre sivile mål i Jableh og Tartus på middelhavskysten måndag morgon.

Åtaka kravde rundt 100 menneskeliv i Jableh, og ytterlegare 48 blei drepne i Tartus lenger sør, ifølgje den syriske eksilgruppa Syrian Observatory for Human Rights (SOHR). Mellom offera var minst åtte barn, opplyser organisasjonen. Totalt skal minst 200 menneske ha blitt såra.

Eitt av åtaka i Jableh blei utført av ein sjølvmordsbombar som utløyste sprengladninga inne på akuttmottaket på eit sjukehus, melder statlege syriske medium.

– Dette er utan tvil dei dødelegaste åtaka i dei to byane sidan starten av krigen, seier SOHR-direktør Rami Abdulrahman.

IS har ingen kjente basar i Syrias kystprovinsar, men ekstremistane bruker ofte såkalla sovande celler for å utføre terroråtak i område som vert kontrollerte av fienden.

– Eg trudde krigen var over og at eg var trygg. Men eg er overraska over å oppleve at krigen rasar framleis her, seier han til nyheitsbyrået AFP etter bombene.

I Tartus var folk like sjokkerte.

– Det er første gong vi høyrer eksplosjonar i Tartus, og første gong vi ser døde menneske eller avrevne kroppsdelar her, seier den 42 år gamle bankfunksjonæren Shady Osman.

Ifølgje meldinga var åtaket retta mot «alawitt-forsamlingar» begge stader. President Bashar al-Assad høyrer til den sjiamuslimske alawitt-sekta som utgjer rundt 20 prosent av befolkninga i Syria.

Alawittane bur i hovudsak langs kysten nordvest i Syria, og i dei store byane, og Assads eigen familie kjem frå landsbyen Qardaha, 25 kilometer aust for Jableh.

IS har til no ikkje hatt noko større nærvær i denne delen av Syria, der al-Qaidas forlengde arm Nusrafronten derimot har vore aktive.

Dei to hamnebyane vert rekna som Assad-bastionar, og i Tartus har òg den russiske marinen ein base.

– Aukande spenning og terrorisme i Syria gir grunn til stor uro, seier ein talsmann for leiinga i Moskva, som vert rekna som Assads fremste internasjonale støttespelarar.

– Åtaka viser endå ein gong kor skjør situasjonen er i landet og kor viktig det er å sette alt inn på å få ta opp att fredsforhandlingane, seier talsmannen Dmitrij Peskov. (©NPK)

Annonse