Klargjør siden...
Annonse

Russisk general: Hæren førebur evakuering av Kherson

Den russiske hæren førebur evakuering av innbyggjarane i Kherson, seier generalen som er øvstkommanderande for dei russiske styrkane i Ukraina.

– Russland vil framfor alt sikre ei sikker evakuering av innbyggjarane i Kherson, seier general Sergej Surovikin til den russiske TV-kanalen Rossija 24 tysdag kveld.

Surovikin innrømmer også at situasjonen for dei russiske styrkane i Ukraina er «spent» etter at russarane har gått på ei rekkje nederlag i møte med den ukrainske motoffensiven.

Surovikin vart tidlegare denne månaden utnemnd til øvstkommanderande for dei russiske styrkane i Ukraina.

(©NPK)

Annonse