Russisk havarikommisjon vil ta Boeing 737 ut av trafikk

(NPK-NTB-AFP): Den russiske flyhavarikommisjonen krev at den amerikanske flytypen Boeing 737, ein av dei mest brukte i verda, vert teken ut av trafikk i landet. Årsaka skal vere «alvorlege manglar».

Den russiske luftfartsmyndigheita MAK seier dei vil stogge all utskriving av sertifikat til flytypen fram til amerikanske og russiske styresmakter kan bekrefte at «dei er i ein tilstand som tilseier trygg bruk».

I luftfarten verda over flyr Boeing 737 fleire tusen avgangar kvar dag. Den russiske avgjerda kom svært overraskande på flyselskapa, som torsdag prøvde å få oversikt over konsekvensane.

Representantar frå flyselskapa er kalla inn til eit møte fredag om saka. Det opplyser ei kjelde i eit selskap som brukar flytypen i Russland til AFP. Kjelda seier derimot trafikken med Boeing 737 kan halde fram inntil vidare.

– Dette har aldri skjedd før. Vanlegvis inndrar dei sertifikat for eitt selskap av gongen, seier representanten.

I eit brev til amerikanske og russiske luftfartsmyndigheiter seier MAK at etaten har bedt amerikanske styresmakter om å sikre trygg høgdekontroll på flytypen, men ikkje fått tilfredsstillande svar. (©NPK)

Annonse