Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB-Reuters): Den russiske flyhavarikommisjonen trekker no tilbake avgjerda om å ta flytypen Boeing 737 ut av trafikk i landet.
frode.kvam@ntb.no
Publisert: 06.11.2015 kl 16:27
Det var torsdag at havarikommisjonen MAK uttalte at den amerikanske flytypen, som er ein av dei mest brukte i varda, skal takast ut av trafikk i Russland på grunn av «alvorlege manglar».
Fredag gjorde havarikommisjonen heilomvending.
– MAK har tilbakekalt brevet, seier Natalija Fileva, medeigar i det russiske flyselskapet S7, etter eit møte med styresmaktene i Moskva fredag.
Ordren som kom torsdag gjekk ut på at Boeing 737-flya måtte takast ut av trafikk i Russland inntil det kan framleggjast dokumentasjon på at flya er trygge. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.