Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Mathias Normann (26) har gjort unna den medisinske testen og er detaljar unna eit låneopphald i Dinamo Moskva, melder Sport.ru.
espen.hartvig@ntb.no/hege.grov@npk.no
Publisert: 05.09.2022 kl 12:28
Nettstaden skriv at alle formalitetar må vere i boks innan det russiske overgangsvindauget stengjer torsdag.
Normann gjekk i helga sjølv ut og fortalde at han var på veg til ein ny klubb i Russland. Det gjorde han i eit intervju med TV 2. Han vel å ta det valet trass i den russiske krigføringa i Ukraina. Det har han fått mykje kritikk for.
26-åringen har vore under kontrakt med russiske Rostov sidan januar 2019. Sist sesong var han på utlån i Norwich, men forlengde ikkje opphaldet der etter nedrykket frå Premier League.
(©NPK)
Mathias Normann på landslagstrening tidlegare i år. Foto: Lise Åserud / NTB
Artikkelen fortsetter etter annonsen.