Annonse

Russisk sjaman innlagt på sjukehus etter Putin-kampanje

Ein russisk sjaman er innlagt på psykiatrisk sjukehus etter at han starta ei pilegrimsreise tvers over landet for å fordrive president Vladimir Putin med magi.

51 år gamle Aleksandr Gabysjev vart arrestert på ein motorveg nær Baikalsjøen i det sørlege Sibir torsdag. Han hadde då lagt ut på ein 800 mil lang reise som skulle gå frå det austlege Sibir til Moskva.

Men fredag vart det kjent at 51-åringen er lagt inn på psykiatrisk sjukehus i Jakutia-regionen aust i Russland. Ifølgje helsestyresmaktene vil han få «kvalifisert medisinsk hjelp».

- Den psykiatriske diagnosen er basert på ein samtale med pasienten, som stadfestar at han har ei sjukdomshistorie, skriv ei regional fløy av det russiske helsedepartementet i ei fråsegn.

- Grotesk svar

Etter arrestasjonen torsdag kravde menneskerettsgruppa Amnesty International at han måtte lauslatast.

- Handlingane til sjamanen kan vere eksentriske, men svaret til russiske styresmakter er grotesk. Er dei verkeleg redd for dei magiske kreftene hans? spurde Russland-direktøren til organisasjonen Natalia Zviagina.

Gabysjev skal ha oppfatta pilegrimsreisa som eit kall. På vegen har han fått følgje av fleire andre personar. Målet var å «fordrive demonen president Vladimir Putin ut av Kreml», skriv The Guardian.

- Gud sa at han er ein demon, sa Gabysjev til TV-kanalen Rain i juli.

- Når han blir borte, vil vi få tusen år med ro og velstand, heldt han fram, ikledd Che Guevara T-skjorte og omgitt av folk på ei samling i Tsjita i Russland.

- Ein demon

Utsegnene hans har hausta skarp kritikk frå russiske styresmakter og Putin-vennlige TV-kanalar.

Samtidig har opposisjonsleiar Aleksej Navalnyj kritisert styresmaktene for handteringa. Han meiner alle teikn til motstand bidrar til at Kreml blir paranoid.

Den langhåra sjamanen vart òg arrestert i august då han kom til den sibirske byen Ulan-Ude. Då oppstod det bråk mellom Gabysjev og ei gruppe «patriotiske» sjamanar som bad han om å ikkje komme til byen. Samanstøytar oppstod, og Gabysjev vart arrestert.

Gabysjev starta pilegrimsreisa i mars. Han hadde unnagjort om lag éin tredel av reisa før han vart arrestert torsdag. Han drog på ei vogn med eigedelane sine og planla å komme til Moskva i 2021.

(©NPK)

President Vladimir Putin (bildet) blei omtalt som ein demon som måtte fordrivast av den sjølvutnemnde sjamanen Aleksandr Gabysjev. Foto: AP / NTB scanpix