Klargjør siden...

Russiske militærfly vil lande på Svalbard

(NPK-NTB): Russiske flystyrkar skal øve under ekstreme forhold i nærleiken av Nordpolen. Som ledd i førebuingane skal instruktørar og hundespann lande på Longyearbyen flyplass på Svalbard.

Å bruke flyplassen på Svalbard som ein del av førebuingane til militære øvingar kan vere i strid med Svabardtraktaten, skriv The Independent Barents Observer.

Russland planlegg også eit større luftslepp etterfølgt av ei øving nær Nordpolen. Luftsleppet vil truleg finne stad ei av dei kommande vekene, ifølge det russiske forsvarsdepartementet.

I stortingsmeldinga om Svalbard heiter det at «Enhver fremmed militær aktivitet på Svalbard er forbudt og ville innebære en grov suverenitetskrenkelse.»

Frå norsk side har ein i praksis tolka denne formuleringa slik at føremålet for flytoktet er avgjerande. Ein har ikkje tillatt fly med militære oppgåver å nytte flyplassen, heiter det vidare. (©NPK)

Annonse