Russland: 48 timars våpenkvile i Aleppo

(NPK-NTB-AFP): Russlands innanriksdepartement har kunngjort ei 48 timars våpenkvile i den syriske byen Aleppo frå torsdag.

Føremålet med våpenkvila er å stabilisere situasjonen i Aleppo.

– På russisk initiativ vil det bli innført eit «stillstandsregime» i Aleppo i 48 timar frå klokka 00.01 torsdag 16. juni, med mål om å nedruste den væpna konflikten og stabilisere situasjonen, står det i ei pressemelding frå det russiske innanriksdepartementet. (©NPK)