Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
(NPK-NTB-Reuters): Russland opplyser at russiske kampfly har utført 53 oppdrag i Syria torsdag, og at 72 mål blei ramma.
npk@npk.no
Publisert: 22.10.2015 kl 16:49
Sist oppdatert: 22.10.2015 kl 18:17
Det er ikkje kjent kva for mål som blei trefte. Russiske nyheitsbyrå viser berre til «militære mål», men bombingane skjedde i provinsane Hama, Idlib, Latakia, Aleppo og Deir al-Zor, og Damaskus, opplyser ein russisk militærtalsmann til nyheitsbyråa RIA og TASS.
Det russiske forsvarsdepartementet opplyser at eit rakettangrep var mot ei bru over Eufrat-elva som den såkalla Islamske staten (IS) bruker til å frakte forsyningar frå Irak til Syria.
Forsvarsdepartementet avviser samtidig amerikanske meldingar om at russarane har brukt klasebomber i tett folka område i Syria.
Torsdag la også den USA-leidde koalisjonen fram tal som viser at han gjennomførte 22 luftangrep i Syria og Irak onsdag. 14 av angrepa i Irak ramma opprørsposisjonar nær seks byar, og dei åtte andre måla var i Syria der blant anna eit oljeanlegg kontrollert av IS blei angripe, ifølgje ein uttale. (©NPK)