Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Russland opplyste fredag at dei har oppløyst hackargruppa Revil på førespurnad frå amerikanske styresmakter.
jacob.hildrum@ntb.no
Publisert: 14.01.2022 kl 15:30
Den russiske etterretningstenesta FSB seier ho har slått ned på dei ulovlege aktivitetane til medlemmer av gruppa med rassiaer mot 25 adresser. 14 personar skal ha vorte arresterte.
Nær fem millionar euro og 20 luksusbilar vart beslaglagde i samband med operasjonen. Medlemmer av Revil utvikla skadeleg programvare og organiserte underslag av midlar for utanlandske borgarar, seier FSB.
Cybertryggleik var blant hovudtemaa då Russlands president Vladimir Putin møtte USAs president Joe Biden i juni i fjor.
(©NPK)