Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Russland avviser skuldingar frå Moldovas president Maia Sandu om at dei planlegg å styrte regimet i Chişinău.
Publisert: 14.02.2023 kl 10:21
Sandu hevda måndag at Russland planlegg å styrte Moldovas EU-vennlege regjering ved hjelp av sabotørar og provokatørar forkledd som demonstrantar.
– Slike påstandar er totalt ugrunna og utan rot i røyndommen, heiter det i ei kunngjering frå russisk UD.
Kreml hevdar at det er Ukraina som står bak rykta i eit forsøk på å trekkje Moldova inn i ein konfrontasjon med Russland.
President Volodymyr Zelenskyj hevda førre veke at Ukraina hadde avdekt russiske planar «for øydelegging av Moldova».
Moldova har 2,6 millionar innbyggjarar og ligg mellom Romania og Ukraina. Landet fekk status som søkjarland til EU i fjor sommar. Det siste året har det vore ei rekkje demonstrasjonar mot regjeringa, arrangert av oligarken Ilan Shor. Han vart i oktober sett på USAs sanksjonsliste på grunn av samband til Kreml.
Sist fredag gjekk Moldovas statsminister Natalia Gavrilita brått av, og Sandu utnemnde forsvars- og tryggingsrådgivaren hennar Dorin Recean til å ta over som regjeringssjef.
(©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.