Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Russland ber Den internasjonale domstolen i Haag (ICJ) avvise Ukrainas skulding om at Russland har misbrukt FNs folkemordkonvensjon til å forsvare invasjonen.
Publisert: 18.09.2023 kl 14:12
Leiaren for Russlands advokatteam, Gennadij Kuzmin, hevda måndag at søksmålet er fullt av feil og i strid med dei juridiske prinsippa som domstolen er tufta på.
Kuzmin la ikkje fingrane mellom og skulda Ukraina for å vise forakt for måten ein rettsprosess skal gå føre seg på.
Ukraina gjekk til sak mot Russland like etter invasjonen i fjor. Argumentet gjekk ut på at det russiske angrepet var basert på falske påstandar om at det gjekk føre seg eit folkemord mot etniske russarar i Donetsk og Luhansk.
Ukrainske styresmakter meiner også at det er russiske styrkar som planlegg etnisk reinsing, ikkje dei ukrainske.
(©NPK)