Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Den amerikanske basketballstjerna Brittney Griner er i Russland kjent skuldig i narkotikasmugling og dømt til ni års fengsel. President Joe Biden er rasande.
sjur.natvig@ntb.no/ragnhild.marie.kjosbakken@npk.no
Publisert: 04.08.2022 kl 14:12
Sist oppdatert: 04.08.2022 kl 18:07
Griner har vore fengsla i Russland sidan ho 17. februar vart arrestert på flyplassen i Moskva. Tollarar fann cannabisolje for e-sigarettar i bagasjen hennar. Det skjedde nokre dagar før den russiske invasjonen i Ukraina.
31-åringen vart tiltalt for smugling og innehaving av ei betydeleg mengd av narkotisk stoff, noko som har ei strafferamme på ti år. Ho har erkjent seg skuldig, men forsikra i retten at ho ikkje hadde til hensikt å bryte lova.
Medan aktor i sluttinnlegget sitt torsdag la ned påstand om fengsel i ni og eit halvt år, bad Griners forsvarar om at ho fekk gå fri. Ho peika mellom anna på at amerikanaren har plettfritt rulleblad og har gitt store bidrag til utviklinga av russisk basketball.
Kort tid etter sluttinnlegga las dommar Anna Sotnikova opp dommen. Ho konkluderte med at Griner er funne skuldig etter tiltalen og at ho må sone ei fengselsstraff på ni år.
Amerikanske styresmakter har klassifisert Griner som «uretteleg anholdt» og har jobba aktivt for å få henne sett fri. President Joe Biden reagerer kraftig på den strenge dommen.
– I dag fekk den amerikanske borgaren Brittney Griner ein fengselsdom som er ei ny påminning om noko verda allereie visste: Russland held henne uretteleg fengsla. Det er uakseptabelt, og eg ber Russland om umiddelbart å lauslate henne så ho kan vere med kona si, sine kjære, venner og lagvenninner, sa Biden i ei fråsegn.
USAs utanriksminister Antony Blinken foreslo førre veke fangeutveksling for den russiske kollegaen sin Sergej Lavrov for å få Griner lauslate og sendt heim. Pressetalskvinne Karine Jean-Pierre sa tidlegare i veka at det russiske motbodet var uakseptabelt, men det er venta at forhandlingar vil takast opp att etter dommen.
Ein prega Griner bad om unnskyldning då rettssaka i Khimki utanfor Moskva vart avslutta. Ho bad retten om «ikkje å gjere slutt på livet mitt her».
– Eg vil be lagvenninnene, klubben, tilhengjarane og byen (Jekaterinburg, der den russiske klubben hennar høyrer heime) om unnskyldning for feilen eg gjorde og for belastninga eg har påført dei, sa Griner medan ho kjempa med gråten.
– Eg seier også unnskyld til foreldra mine, søskena mine, Phoenix Mercury, dei fantastiske kvinnene i WNBA og den fantastiske kona mi.
Griner har vunne to OL-gull med USA og ein WNBA-tittel med Mercury. Ho har dei siste seks og eit halvt år spelt for Jekaterinburg i vinterhalvåret.
(©NPK)
Basketballstjerna Brittney Griner er dømd til ni års fengsel i Russland. Foto: Jevgenia Novozjenina / AP / NTB