Russland ekskludert frå Europarådet

Russland vart onsdag formelt ekskludert frå Europarådet på grunn av invasjonen og krigen i Ukraina.

Tidlegare i veka starta parlamentarikarforsamlinga i Europarådet prosessen og vedtok einstemmig at Russland skulle kastast ut. Onsdag kunngjorde ministerkomiteen i rådet at Russlands medlemskap er stansa.

Russlands utanriksminister Sergej Lavrov seier at Russland ville ha meldt seg ut uansett. I eit intervju med den russiske kringkastinga RBK onsdag skulda han Nato og EU for «å misbruke fleirtalet sitt i rådet og endre det til eit verktøy for antirussisk politikk».

Ukrainas utanriksminister Dmytro Kuleba helsa vedtaket velkommen og tvitra at «det ikkje er noko stad for Russland i europeiske forsamlingar når landet fører ein barbarisk aggresjonskrig mot Ukraina og gjer seg skuldig i talrike krigsbrotsverk».

Det er uklart om alle dei 47 ministrane i ministerkomiteen var for eksklusjonen sidan dei vart samde ved «konsensus» bak lukka dører.

(©NPK)

Annonse