Klargjør siden...
Annonse

Russland hevdar 10.000 melde seg frivillig etter mobilisering

Det russiske militæret hevda torsdag at 10.000 hadde meldt seg frivillig til å slåst i Ukraina berre eit døgn etter kunngjeringa av ei delvis mobilisering.

Ifølgje Vladimir Tsimljanskij frå det russiske forsvaret møtte om lag 10.000 personar opp hos militæret på eiga hand, utan å vente på oppkalling, i løpet av dagen etter at president Vladimir Putin varsla at reservistar skulle mobiliserast onsdag morgon. Russiske styresmakter hevdar dei kan mobilisere om lag 300.000 soldatar frå reservestyrkane.

Likevel har ikkje alle vore like ivrige. Talsmann for den russiske regjeringa Dmitrij Peskov måtte torsdag ta den 32 år gamle son sin i forsvar, etter at opposisjonsaktivistar skulda han for å nekte å gå i krigen.

Tilhengjarar av den fengsla Aleksej Navalnyj ringde etter det som blir sagt, Nikolaj Peskov og gav seg ut for å vere vervarar frå militæret. Dei gav han ordre om å møte opp ved næraste sesjonskontor. Peskov skal så ha nekta å ta imot ordren og sagt at han skal løyse dette «på eit høgare nivå.»

Dmitrij Peskov uttalte torsdag at han er klar over samtalen, men at utsegnene til sonen vart tekne ut av samanheng.

Meir enn 1.300 personar vart også arresterte onsdag under demonstrasjonar mot mobiliseringa, og fly frå Russland til nabolanda har vorte fylte opp i mange dagar framover.

(©NPK)

Russlands forsvarsminister Sergej Sjojgu seier Russland kan mobilisere 300.000 soldatar. Foto: Russlands forsvarsdepartement / AP / NTB