Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB-AFP): Eit fly med over 20 tonn humanitær hjelp landa torsdag i Jemens opprørskontrollerte hovudstad, ifølgje russiske styresmakter.
npk@npk.no
Publisert: 05.11.2015 kl 16:24
Russlands krisedepartementet opplyser at sendinga som vog 23 tonn, inneheldt blant anna mat og telt.
Internasjonal presse observerte flyet på flyplassen i Sana og vart fortalt at det inneheldt bistand. Flyet av typen Il-76 skal vende tilbake til Moskva fredag med rundt 75 passasjerar som ønskjer å forlate det krigsherja Jemen, opplyser det russiske departementet.
Sist gong Russland sende fly til Jemens hovudstad var i juli, då med ei sending på 46 tonn bistand.
FN reknar den humanitære krisa i Jemen som ei av dei verste i verda. 80 prosent av befolkninga i landet er trua av svolt, og over 5.000 menneske er drepne sidan mars, over halvparten sivile.
Stormaktsrivalane i regionen, Iran og Saudi-Arabia, står på kvar si side av konflikten. Ein allianse leidd av Saudi-Arabia har sidan mars bomba dei jemenittiske Houthi-opprørarane, som er støtta av Iran. Russland er alliert med Iran i krigen i Syria, der dei to landa er dei viktigaste støttespelarane til regimet. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.