Klargjør siden...
Annonse

Russland skuldar andre lands rakettar for å ha landa i Kyiv

Russland hevdar at Ukraina sjølv eller andre land sende rakettane som onsdag slo ut straumen i Kyiv.

– Ikkje ein einaste rakett vart send mot mål i Kyiv, heiter det i er uttale frå det russiske forsvarsdepartementet.

Eventuell skade kjem av at det fall ned luftvernrakettar frå utanlandske eller ukrainske batteri som er lokaliserte i bustadområde i Kyiv, heiter det vidare.

Departementet erkjenner likevel at det var massive angrep mot «Ukrainas militærkommando og tilknytte energifasilitetar».

Tre personar er melde drepne under angrepa onsdag, blant dei ei jente på 17 år. Store delar av Ukraina var onsdag kveld og natt til torsdag utan straum og vassforsyningar, samtidig som utetemperaturen kraup under null.

(©NPK)

Kateryna Luchkina samlar regnvatn frå eit nedløpsrør i Kyiv. Straum og vatn er borte i store delar av byen.
Foto: John Leicester / AP / NTB