Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Minst éin ukrainsk rakett har treft hovudkvarteret til den russiske svartehavsflåten i Sevastopol på Krim-halvøya, stadfestar lokale styresmakter.
Publisert: 22.09.2023 kl 13:04
Hendinga vart stadfesta av den russisk-innsette guvernøren Mikhail Razvozjajev på meldingstenesta Telegram tidleg fredag ettermiddag. Det er ikkje meldt om at nokon er skadde.
Guvernøren skriv at alle naudetatane har komme til staden. Han melder også at fragment frå raketten har falle ned nær Lunatsjarskij-teateret i byen. Brukarar i sosiale medium har posta bilete som viser røykskyer som står opp frå treffstaden.
Ukraina har gjennomført ei rekkje angrep med dronar og rakettar i område dei siste vekene. Førre veke trefte dei eit russisk landingsfartøy og ein ubåt som kan bere kryssarrakettar, ved Sevastopol.
Den amerikanske tankesmia Institute for the Study of War (ISW) konkluderte nyleg med at ukrainske styrkar har øydelagt eit avansert S-400 luftvernsystem på Krim, og dessutan skadd eit anna system av same type. ISW meiner dette tyder på at det er systematiske og taktiske problem med det russiske luftvernet på den okkuperte halvøya.
(©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.