Klargjør siden...

Russlands tidlegare president vil «byggje eit ope Eurasia – frå Lisboa til Vladivostok»

Russlands tidlegare president og statsminister Dmitrij Medvedev skriv i eit langt innlegg på Telegram at massakren i Butsja er falsk, og at Russlands mål går lenger enn berre Ukraina.

– Målet om avmilitarisering og avnazifisering av Ukraina er for framtidige ukrainske generasjonars skuld og for å skape moglegheita for endeleg å byggje eit ope Eurasia – frå Lisboa til Vladivostok, skriv Medvedev.

I innlegget skriv ekspresidenten òg i lange trekk om det han kallar ukrainsk propaganda, mellom anna meiner han at massakren av sivile i Butsja er oppdikta. Medvedev sluttar seg òg til ei rekkje andre profilerte russarar som kallar ukrainarar nazistar og antirussiske, og meiner Ukraina ikkje har nokon eigen nasjonal identitet.

Medvedev var president i Russland frå 2008 til 2012, før han «bytte jobb» med Vladimir Putin og sat som statsminister fram til 2020. I dag er han viseformann i det russiske tryggingsrådet.

(©NPK)

Russlands tidlegare president Dmitrij Medvedev. Foto: Jekaterina Sjtukina / Sputnik, Government Pool Photo via AP / NTB

Annonse