Ruud dyssar ned sjansane for storskalp: – Kan aldri kjenne deg komfortabel

Casper Ruud sleit med ein formdupp i haust, men i ATP-sluttspelet har han herja og er klar for semifinale. No ventar ein mogleg revansj mot idolet.

Søndag starta Ruud turneringa i Torino med å slå ein av dei største formspelarane i tennisverda, Auger-Aliassime, i strake sett. Tysdag kjempa 23-åringen seg til siger mot Taylor Fritz etter å ha notert 14 serveess på vegen.

– Eg har halde fram med å jobbe bra på trening. Serven er ein ting som har vore mykje betre her enn i Paris og Basel, der han ikkje sat så bra. Eg bruker underlaget bra og er veldig fornøgd med at det har klaffa her, seier Ruud til NTB etter sigeren tysdag.

Berre dei åtte beste i verda får delta i sluttspelet. Torsdag ventar legenda Rafael Nadal i siste puljekamp. Spanjolen gav Ruud ein tennisleksjon i Roland-Garros-finalen i juni. Denne gongen kjem 36-åringen frå to strake tap og sluttspelexit i bagasjen.

Ruud dyssar likevel ned moglegheitene for ein braksiger.

– Du kan aldri kjenne deg komfortabel med å spele mot Rafa, uansett kva form han er i. Det kjem til å bli ganske andre forhold enn då vi spelte i Roland-Garros, det er heilt sikkert. Det er raskare, og det er ikkje best-av-fem. Det er på hardcourt. Alt er annleis, påpeikar Snarøya-mannen.

Tennisesset legg til at han gler seg til kampen.

– Eg spelar utan noka form for press. Bortsett frå litt ekstra poeng og premiepengar er det lite på spel.

Kampstart er tidlegast klokka 14.

(©NPK)

Casper Ruud er full av sjølvtillit etter to strake sigrar i ATP-sluttspelet i Torino. Torsdag kan han gjere storeslem mot tennissportens kanskje største spelar i historia. Foto: Antonio Calanni / AP / NTB

Annonse