Klargjør siden...

Ruud enkelt vidare til finalen i verdscupopninga

Birk Ruud leika seg i kvalifiseringa til det første verdscuprennet i friski i sveitsiske Chur. Han enda som nummer to og er klar for finale i Big Air.

Ruud varta opp med 91,75 poeng i sitt første forsøk og la seg trygt inn på 2.-plass etter første omgang. Nordmannen klarte ikkje å auke i det andre forsøket og fekk berre betalt 57 poeng. Det er den beste skåren som gjeld.

Berre amerikanske Troy Podmilsak landa eit betre triks enn Ruud i det første heatet (94 poeng), og dermed er nordmannen trygt vidare til finalen som går klokka 20 fredag norsk tid.

I det andre heatet var Sebastian Schjerve og Mats Bjørndal svært nær å sikre seg finaleplass. Schjerve enda 0,25 poeng bak austerrikske Lukas Müllauer på 5.-plass. Bjørndal følgde eitt poeng bak. Dei enda til slutt på høvesvis 6.- og 7.-plass.

Heller ikkje Leo Landrø, Tormod Frostad, Vebjørn Gråberg eller Ulrik Samnøy klarte å kvalifisere seg til finalen. Det er dei fem beste frå kvart heat som møtest i finalen.

Sandra Eie tok seg også vidare frå kvalifiseringa for kvinner då ho fekk 84 poeng i sitt andre forsøk og enda på 5.-plass.

(©NPK)

Birk Ruud tok seg enkelt vidare til finalen under verdscupopninga i Chur.
Foto: Heiko Junge / NTB

Annonse