Ruud-fall på rankinga trass tittelsuksess

Casper Ruud går ned eitt hakk og er nummer seks på ATP-lista over dei best rangerte tennisspelarane i verda. Søndag tok han endå ein turneringstriumf i Gstaad.

Snarøya-mannen er forbipassert av det spanske stjerneskotet Carlos Alcaraz (19). Det er den einaste endringa i topp ti.

Alcaraz tapte finalen søndag i ATP 500-turnering i Hamburg. Der rauk han for Lorenzo Musetti frå Italia etter tre sett. Ruud gjorde som i fjor og vann tittelen i Sveits, men den konkurransen hadde lågare status og gav færre rankingpoeng.

Han slo italienaren Matteo Berrettini etter ein snuoperasjon. Tittelen er hans niande på ATP-nivå.

23-åringen skulle denne veka eigentleg stille i austerrikske Kitzbühel, men ei vond skulder stoppa planane. Ruud gjekk heile vegen i turneringa i fjor same stad.

(©NPK)

Casper Ruud med kjempetrofeet etter finaletriumfen i Gstaad. Foto: Anthony Anex / Keystone / AP / NTB

Annonse