Annonse

Ruud spelte inn ny million i Wimbledon – har allereie passert innteninga i fjor

Casper Ruud reiste frå Wimbledon-turneringa med om lag 1,2 millionar kroner i premiepengar. Det aukar 2024-summen opp i totalt 34,6 millionar.

Nordmannen sleit med å setje sitt preg på den tredje Grand Slam-turneringa i år og forsvann ut allereie i andre runde.

Det gav han likevel 119.000 dollar i banken, og den totale innteninga i 2024 lyder dermed 3,28 millionar dollar (34,6 millionar norske kroner). Det er meir enn han tente i heile 2023.

Ruud har gjort sakene sine svært bra i 2024. I februar tok han seg til to strake finalar i Mexico, før det vart ein ny finale i Master1000-turneringa i Monte-Carlo i byrjinga av april. Tittelen kom likevel ikkje før i ATP 500-turneringa i Barcelona veka seinare, då Ruud fekk finalerevansj mot Stefanos Tsitsipas.

Neste veke skal Ruud i aksjon på grusen i Båstad. Der skal han i tillegg til singleturneringa spele double med den spanske veteranen Rafael Nadal.

Ruud deltek i år i sitt første OL. Etter leikane i Paris ventar ein tur til Nord-Amerika der Master1000-turneringar og US Open står på kalenderen.

(©NPK)

Casper Ruud tente ein dryg million då han tok seg til andre runde i Wimbledon. Foto: Alberto Pezzali / AP / NTB

Annonse