Klargjør siden...
Annonse

Ruud tapte for Monteiro i kvartfinalen

Casper Ruud hadde slått Thiago Monteiro i alle dei tidlegare møta deira, men kom til kort i kvartfinalen i challengerturneringen i Braunschweig torsdag.

Den 25-årige brasilianaren slo den toppseeda nordmannen 6-4, 6-7 (7-9), 6-3 og tok seg til semifinale.

Ruud slo Monteiro i strake sett i deira tre tidlegare møte, alle i turneringar på høgare nivå: Ein ATP-turnering i São Paulo i år, Roland-Garros-kvalifiseringa i fjor og kvartfinalen i ATP-turneringen i Rio de Janeiro i 2017.

Ruud kjempa hardt for avansement torsdag, men Monteiro hadde overtaket nesten heile vegen på grusen i Braunschweig. Nordmannen tvinga fram eit avgjerande sett ved å bryte til 6-6 og vinne eit jamt tie-break i 2. sett, men måtte etter to timar og tre kvarter gå av banen med tap.

Misbrukte sjansar

På 1-1 i første sett skaffa Monteiro seg tre brotballar. Ruud hindra dei to første, men kunne ikkje hindre at motstandaren braut til 2-1. Ruud hadde sjølv brotball både på 2-3 og på 3-4, men greidde ikkje å utnytte dei, og Monteiro serva heim settet til 6-4.

I 2. sett var det Ruud som braut først til 4-2, men Monteiro braut tilbake direkte. På 5-5 braut brasilianaren igjen og hadde sjansen til å serve heim kampen, men Ruud tvinga fram tie-break med eit nytt servebrot.

I tie-break følgde spelarane kvarandre tett, men Ruud skaffa seg settballar på 6-5, 7-6 og 8-7, og tredje gong utnytta han den.

Diskusjon

I avgjerande sett braut Monteiro først til 2-0. Ruud braut umiddelbart tilbake, men Monteiro skaffa seg overtaket for godt då han braut til 4-2 i eit game der Ruud hindra ei rekke brotballar til ingen nytte.

I neste game hadde Ruud ein lang diskusjon med hovuddommaren om ein ball han meinte vart dømd feil, og der han forgjeves argumenterte for at overdommaren skulle komme og sjå på merket.

Brasilianaren heldt serven dei to siste gongene og kunne dermed innkassere den første sigeren sin mot Ruud.

Dermed er det 6.-seeda Monteiro som får møte 3.-seeda Henri Laaksonen i semifinalen. Vinnaren der blir favoritt i finalen, for det er berre useeda spelarar igjen på andre side av oppsettet.

(©NPK)

Casper Ruud tapte kvartfinalen i challengerturneringa i Braunschweig torsdag. Foto: Tim Ireland / AP / NTB scanpix