Klargjør siden...
Annonse

Ruud vidare i US Open: – Bra då det gjaldt som mest

Den norske tennisstjerna Casper Ruud starta tamt, men kom tilbake og vann 3–1 i sett over nederlandske Tim van Rijthoven i andre runde i US Open.

Kampen i New York onsdag enda 6-7, 6-4, 6–4 og 6–4.

– Eg spelte nok ikkje min aller beste kamp i karrieren i dag, men eg spelte bra då det gjaldt som mest og klarte å halde på servebrota eg fekk i andre, tredje og fjerde sett. Så eg er veldig fornøgd med det. Men eg kjenner framleis at det er rom for forbetringar og at eg ikkje har vist mitt aller høgaste nivå enno, seier Ruud til NTB.

Den 25-årige motstandaren frå Nederland er rangert på 117.-plass i verda, 110 plassar bak 23-årige Ruud.

Spelar smart

– Han speler smart, og han har energien. Det er ein fantastisk motstandar han spelar mot, som set han verkeleg under hardt press, seier Øivind Sørvald, ansvarleg for teknikk og analyse i Team Ruud, til Eurosport.

– Dette var ein god siger, og eg frykta denne spelaren, for han spelte også ein veldig bra førsterundekamp, seier Sørvald.

Amerikansk motstand

I tredje runde ventar amerikanaren Tommy Paul, som slo landsmannen Sebastian Korda i ein jamn andrerundekamp over fem sett. Paul er rangert som nummer 34 i verda akkurat no.

Ruuds neste kamp blir truleg spelt fredag.

Nordmannen Ruud har aldri teke seg lengre enn tredje runde i US Open. I 2020 tapte han mot Matteo Berrettini.

I første runde i årets turnering i New York var Ruud ikkje på sitt beste mot briten Kyle Edmund. Ruud vann 3–0 i sett, men gav bort åtte brotballar og mista serven ved to høve.

Nordmannen har vist framgang på hardcourt. I år har han vore i finalen i Miami og i semifinalen i Montreal, begge Masters 1000-turneringar (nest høgaste nivå).

Casper Ruud under kampen mot Tim van Rijthoven. Foto: Mary Altaffer / AP / NTB

Annonse