Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB): Ryanair gjennomgår heile rutetilbodet sitt i Noreg etter at styret for Rygge sivile lufthamn vedtok å avvikle dersom Ryanair held fast på at basen der blir avvikla.
npk@npk.no
Publisert: 25.05.2016 kl 12:06
Det opplyser Ryanairs sals og markedssjef for Skandinavia og Baltikum Hans Jørgen Elnæs i ein e-post til NTB.
– Vi gjennomfører for augneblinken ein gjennomgang av våre operasjonar i Noreg, på bakgrunn av situasjonen for Rygge og den norske avgjerda frå regjeringa om å innføre den nye skatten, skriv Elnæs.
Selskapet vil informere om planane sine ein av dei kommande dagane, legg han til.
Sjølve styrevedtaket kommenterer Ryanair slik:
– Vi har notert oss at Oslo Rygge (Moss Lufthavn Rygge, red.anm.) har annonsert at dei planlegg å legge ned flyplassen, på bakgrunn av den nye øydeleggjande og dårleg planlagte «miljøavgifta» på flyreiser som den norske regjeringa har innført. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.