Ryanair trugar med å leggja ned på Rygge

(NPK-NTB): Ryanair-leiinga reiste i eige fly til Noreg for å møta Siv Jensen og diskutera den omstridde flyseteavgifta. Flyselskapet trugar med å leggja ned basen på Rygge ved Moss dersom Noreg innfører avgifta neste år.

Kommersiell direktør i Ryanair David O'Brian reiste saman med salssjefen i selskapet for Skandinavia, Hans Jørgen Elnæs, med eit eige fly til Noreg torsdag for å møta finansminister Siv Jensen (Frp) om saka.

– Dette er eit møte som dreier seg om ei utgift på 5– 6 millionar euro (47-57 millionar kroner) året for oss. Får vi stoppa denne avgifta, er dei utgiftene vi måtte ha på denne flyginga vel brukte pengar, seier O'Brian til Aftenposten.

– Jensen kalla oss inn til møte. Det var fint å møta henne og seia meiningane våre om avgifta. Ho var interessert i å høyra om konsekvensane, men eg kan ikkje seia noko om synet hennar på saka, seier Ryanair-direktøren til NRK.

I tillegg til å leggja ned basen, vil Ryanair halvera talet på ruter frå Rygge dersom avgifta blir innført.

Administrerande direktør ved Moss Lufthavn Rygge, Pål Tandberg, har sagt at dersom Ryanair gjer alvor av dette, vil det bety at flyplassen må leggjast ned.

Stortinget vedtok flyseteavgifta måndag. Avgifta er på 80 kroner pluss moms, totalt 88 kroner.

– Det er viktig å høyra på så alvorlege innvendingar som dette. No skal vi senda avgifta ut på høyring, før ho eventuelt blir ein realitet i april. Då må vi få all relevant informasjon på bordet, seier finansminister Siv Jensen til NRK. (©NPK)

Annonse