Klargjør siden...

Ryddearbeidet held fram etter raset på E16

(NPK-NTB): Ryddinga etter raset over E16 ved Voss går føre seg for fullt, men arbeidet vil ta lang tid. På omkøyringa via fylkesveg 7, må bilistane rekna med kø og kolonnekøyring.

Det er framleis usikkert kor omfattande skadane på E16 er.

Raset gjekk over Hyvingstunnelen onsdag morgen. Torsdag kom det framleis massar ned frå fjellsida. Fredag er oppryddingsarbeidet i gang for fullt, men førebels er det usikkert kor omfattande skadane i vegbanen er.

– Arbeidet går framover, og dei reinskar i fjellsida no. Det vil endå ta nokre timar før vi kan rydda sjølve vegen, det håpar vi å kunna starta med i kveld. Vi veit ikkje noko om skadeomfanget før vi får vekk massane. Dei er berekna til 10.000 kubikkmeter, eller tusen lastebillass. Det er omfattande. Dei som har arbeidd med dette i mange år har aldri sett eit så omfattande ryddearbeid, seier Helge Rong, medievakt i Statens vegvesen.

– I tillegg er det Vosscup i fotball som genererer mykje trafikk. Vi reknar med at det er rundt 10.000 som skal til Voss, og det er omfattande utfart frå Bergen. Reisande bør berekna god tid og førebu seg på kø, seier Rong.

– Alle personbilar kan velja å køyra den gamle vegen, fylkesveg 314 over Hamlagrø, der vi styrer trafikken frå Bergen mot Voss. Det er nok mange som kjem til å velja denne vegen i dag, då det blir stor utfart, seier Rong.

Det er usikkert når E16 vil kunne opna igjen. Det er store steinblokker i vegen som truleg må splittast, og det er uvisst kor lang tid ryddearbeidet vil ta. (©NPK)

Annonse