Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Linn Sömskar er kanskje den beste kvinna i verda på rulleski og stakk av med sigeren på 10 kilometer klassisk under Blink-festivalen fredag.
vemund.rognstad@ntb.no/ragnhild.marie.kjosbakken@npk.no
Publisert: 05.08.2022 kl 19:18
Sist oppdatert: 05.08.2022 kl 20:17
Den svenske jenta var også best over 52 kilometer klassisk staking torsdag. Fredag kom ho i mål på 22.19,5 og var sju tidelar framfor tyske Victoria Carl i mål. Rett bak der igjen følgde slovenske Eva Urevc på 3.-plass.
– Eg er i ganske bra form, trur eg, sa Sömskar til NRK.
– Ho er veldig rask. Eg må prøve å lære av henne, sa Carl.
Katerina Janatova frå Tsjekkia vart nummer, medan Tiril Udnes Weng vart beste norske på 5.-plass. Ho var tre sekund bak vinnaren i mål.
– Linn og Victoria var dei to klart beste. Eg hadde meir enn nok med å henge med. Det er ein jobb å gjere utover hausten, sa Tiril Udnes Weng.
Julie Bjervig Drivenes var den andre norske løparen som tok seg inn blant dei beste. Ho var seks sekund bak på 8.-plass.
(©NPK)
Linn Sömskar i Seefeld i 2018. Foto: Terje Pedersen / NTB.