Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
(NPK-NTB): Annika Sörenstam har takka ja til å bli kaptein for Solheim Cup-laget i golf.
npk@npk.no
Publisert: 30.03.2016 kl 14:46
Onsdag kveld blir den tidlegare stjernespelaren presentert som den nye sjefen til neste års turnering i Des Moines, Iowa. Der møter dei beste kvinnelege golfarane i USA og Europa til dyst.
Sörenstam har takka nei til kapteinsrolla før, men denne gongen blei svaret ja. I dei tre siste åra har ho vore visekaptein. Europa tapte for USA sist år, men vann dei to gongene før det.
– No er barna blitt større, og det held å vere visekaptein tre gonger, sa Sörenstam i eit intervju med Viasat i februar.
Fem svenskar har vore kaptein for Solheim Cup-laget tidlegare, og blir Sörenstams namn trekt opp av hatten onsdag kveld blir ho den tredje i rekka etter Liselotte Neumann og Karin Koch. (©NPK)